Dei siste nyhendene
Har du tips til ei ny sak på nettsida. Gå på kontaktskjema , eller send ein e-post .
Brukarmøte CenCom
TTS og taksametergruppa er invitert til brukarmøte vedrørande taksameter i Oslo 20.-22. september. Aktuelle saker som TTS skal ta med seg i møtet må vera oss i hende skriftleg innnan 27. august.
Ekstraskyss utan gyldig rekvisisjon/bestilling
Etter 1. august vil ikkje transportør lenger få betalt for turar utan gyldig turID. Alle turar skal innmeldast til Pasientreiser i forkant av reisa, både kommunale og interkommunale turar.
Drosje med ledig kapasitet
I nyhendebrev frå Pasientreiser Helse Førde av 18. juli 2010 informerte Pasientreiser at pasientar som i utgangspunktet kan reise med rutegåande transport, men som ynskjer å fylgje drosje med ledig kapasitet kan gjere det.
Streik ved sjukehusa
Streiken ved Førde sentralsjukehus råkar f.o.m tysdag 29. juni personar som har time ved fleire av poliklinikkane.
Paralelltakst er føreslege påbode i næringa
Konkurransetilsynet føresler i høyringsbrev av 28.06.2009 at det i forskrift skal innførast påbod om bruk av paralelltakst i drosjetransport. Tilsynet har lagt opp ein tidsplan som inkluderar at forslaget har høyringsfrist 1. september, ny for oktober og tre i kraft 1.1.2011.
Taxidød i distrikta
Aftenposten opplyste på sine nettsider 28. juni at i løpet av få år er kvar tredje distriktsdrosje forsvunne.
Ordinær generalforsamling i TTS
Det vert halde ordinær generalforsamling i Taxi Transport Service AS den 28. juni kl.18.00. Møtet vert lagt til Best Western Skei Hotel, 6841 Skei i Jølster.
Trygt Heim for ein 50-lapp i Sommar!!! NBNB!
Fylkestinget har løyvd midlar til Trygt Heim for ein 50-lapp,og det har vorte bestemt at opplegget skal gå som normalt heile sommaren! Med unntak av Gaular kommune.
TTS formidlar kjøp og sal
TTS ynskjer å hjelpa løyvehavarane sine med kjøp og sal av alt brukt utstyr innanfor drosjeyrket. Dette kan vera alt frå taksameter, taxiuniform, mobiltelefon, felgar, bil, jekk, datamaskin, rullestolskinner... osv.
