Årsmøte i NT avd. Sogn og Fjordane
Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, opna årsmøtet med å presentere Eid Kommune. Ho understreka særskilt at fornøgde innbyggjarar var dei beste ambassadørane for kommunen.
Laurdag heldt NT avd Sogn og Fjordane årsmøte på Rica Nordfjord Hotel på Nordfjordeid.
Alle sakene vart samrøystes vedtekne, inkludert tilleggsframlegg frå Reidun Blaalid som ynskjer at løyvehavar kan be om politiattest i samband med tilsetting av sjåførar.

