Framside / Nyhende / Fyrste bilane med Au2Tax klar i Sogn og Fjordane

Fyrste bilane med Au2Tax klar i Sogn og Fjordane

Etter at det vart klart at Au2Tax vart MID-godkjent i forrige veke, er no montørane i full gang med installering. 

CenCom fekk MID-godkjenning 14. november, og  vi mottok taksametera 16. november. Montørane får ei tøff oppgåve med å få installert og godkjent taksameter i alle drosjar i Sogn og Fjordane innan 31.desember, men no er dei i full gang.

I Måløy vart fyrste bil klar fredag. Laurdag og søndag vart nye 6 bilar ferdigmontert av Eivind Refvik. Også i Sogndal vart ein buss ferdigstilt laurdag, og Ingar Liheim og Arild Viken er i gang med bil nummer to. Oddvar Svalheim i  Førde er også i gang, og monterte i sin fyrste bil i helga.

Torsdag kjem Justervesenet til Bryggja for å kallibrere, kontrollere og godkjennne ferdigmonterte bilar i Nordfjord.

Montørane vil kalle inn løyvehavarane til installasjon.

 

Montørar i Sogn og Fjordane:

  • Nordfjord - Eivind Refvik (95199221)
  • Sunnfjord - Oddvar Svalheim (90891960)
  • Sogn - Ingar Liheim (91344435) / Arild Viken (91803011)

 

Informasjon frå Justervesenet

 

Leif Arne Revik ved Måløy Taxi var prøvekanin og vart den første i Sogn og Fjordane med innstallert Au2Tax.

 

Au2Pc saman med Au2Tax montert i S-389

 

Her er Au2Tax på plass

 

Montering i Sogndal

 

 

Kalibrering av taksameter. Sjåfør Ingar Liheim, passasjer Arild Viken.

Kommentarer