Ny taksametermeny
Menylinjene til pasienttransport vert redusert frå 11 til 4.
Vi har fått klarsignal frå Helse Førde pasientreiser om å redusere tal menylinjer avsett for pasienttransport til 3 pluss NISSY-menylinje. Sistnemnde skal nyttast når ein byrjar med OTT-bopel, som vert fortløpande "rulla" ut i næraste

framtid.Menyane vil bli Interkommunal (konto 200), Kommunal (konto 222), Ut av fylket (konto 240) og NISSY. På Au2pc-en vil dei ligge som menylinje nr. 5 (200), 6 (222), 7 (240) og 8. På Com-en vil dei ligge som 4 (200), 5 (222), 6 (240) og 7. NB! Det er berre Vågsøy som skal nytte NISSY-menylinja pr. i dag. Gaular vert dei neste som vert kopla inn på NISSY/OTT-bopel. Helse Førde Pasientreiser har følgjande framdriftsplan:
"Eid, Gloppen, Selje. Møte i oktober og oppstart i november.
Florø, Naustdal, Jølster, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Bremanger, Høyanger og Balestrand. Møte i november med oppstart i desember.
Sogndal, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland. Møte i januar med oppstart i februar.
Vi vil da stå igjen Hornindal, Stryn, Vik, Solund og Førde. Disse kommunene vil vi se på seperat men regner med at alle skal være påkoblet innen utgangen av mars 2011."
Sjåførane må legge inn kontonr. manuelt. når dei går over på NISSY-menyen. Seinare vert NISSY-menylinja lagt inn som nr 1 (0). Når NISSY menylinja kjem som nr. 1 i taksameteret, vil rett konto automatisk kome opp hos dei som har Au2pc.

