Framside / Nyhende / Nyhendearkiv / 2010 / Parallelltakst

Parallelltakst

Det er innført nytt takstsystem frå 01.01.11.

Med unnatak for sokalla trafikal ventetidstakst tel brytningstakstsystemet vi har i dag anten km.- eller ventetidstakst. Det nye takstsystemet, parallelltakst, er basert på at det vert nytta både avstands- og tidstakst under køyring.

I brev frå CenCom kjem det fram at det ikkje vil bli laga parallelltakst for taksametertypen Com2100. Det vert dermed ulovleg å nytte Com2100 taksameter frå nyttår til vanleg drosjetransport. Det vil derimot vere høve til å nytte dei på kontraktskøyring der det er avtalt brytningstakst.

I tillegg til desse 57 Com2100 taksameter er det også 9 gamle TDS taksameter som ikkje vil takle det nye lovpålagde parallelltakstsystemet. Fleire fylke har same problement som oss. Dermed kan vi med stor sikkerheit seie at det vert vanskeleg å få levert og montert nye Au2pc taksameter i tide. Vi minner også om at det er innført justerplikt frå nyttår, men at dei som evt. monterar nytt taksameter før nyttår kjem inn under overgangsordninga fram til 01.01.12.

Både lagersituasjon/produksjonskapasitet og monteringskapasitet samt innføring av justerplikt, fører til at vi oppfordrar dei av Dykk som har Com2100 eller gamle TDS taksameter til å ta kontakt med oss for bestilling av nye taksameter så fort som mogleg.

TTS og NT avd. SFj. har kontakta Fylkeskommunen og Helse Førde pasientreiser for å orientere dei om situasjonen, og drøfte evt. felles utspel i høve sentrale styresmakter. NT sentralt har beramma møte med Konkurransetilsynet om same sak.

Kommentarer