Framside / Nyhende / Nyhendearkiv / 2010 / Taxisentral fekk trafikktryggingspris

Taxisentral fekk trafikktryggingspris

Frå venstre: Åshild Kjelsnes, fylkeskommunen, Jan Krosshaug, Leikanger Taxisentral, Nils R. Sandal, fylkeskommunen. (Foto/tekst: Henning Rivedal, fylkeskommunen)

Under fylkestingsseta i Loen fekk Leikanger Taxisentral tildelt Trafikktryggingsprisen 2009 for Sogn og Fjordane. Ein av initiativtakarane ved Leikanger Taxisentral Jan Krosshaug tok imot prisen.

"Det var ved Leikanger Taxisentral grunntanken til det som seinare vart det nasjonale tiltaket "Trygt heim for ein 50-lapp" oppstod, og Fylkestrafikktryggleiksutvalet (FTU) ønskjer å heidre dette initiativet. Vi som jobbar med trafikktryggleik er veldig glade for at Trygt heim for ein 50-lapp eksisterer, og vi er stolte over at tiltaket er ein baby frå Sogn og Fjordane. Difor tykkjer vi i (FTU) at det er på høg tid at dei som er dei verkelege fedrane til babyen får sin heider, nemleg Leikanger Taxisentral. Dei gjorde opptakten og skapte ei skyssordning dei såg det var trong for lokalt. Dette har hatt stor overføringsverdi, viser historia. Eg er veldig glad for at Jan Krosshaug på vegner av Leikanger Taxisentral kan ta imot prisen i dag. Han er ein av dei opphavlege fedrane for eit av dei flottaste trafikksikringstiltaka for ungdom i Noreg," sa Åshild Kjelsnes. Ho er leiar i Fylkestrafikktryggleiksutvalet og oppmoda med dei orda fylkesordførar Nils R. Sandal om å dele ut prisen.

Eit 16 år gammalt prosjekt

I 1993 vart ideen om ein trygg heimtransport for ungdommar mellom Sogndal og Leikanger sett ut i livet ved eldsjelene Kåre Husabø og Jan Krosshaug ved Leikanger Taxisentral. Dei såg trongen for eit organisert transportopplegg for den lokale ungdommen og kjøpte inn ein minibuss til taxisentralen. Det vart forløparen til Trygt heim for ein 50-lapp.

Det var ved ein arbeidskonferanse i samband med rullering av fylket sin trafikktryggingsplan for perioden 2002-2005, at ideen om ei fylkesomfattande transportordning, bygd på lesten frå Leikanger, vart spelt inn. Tiltaket kom inn i trafikktryggingsplanen, og hausten 2001 vart det løyvt 1 million kroner til eit prøveprosjekt. Våren 2002 gjekk første transporten Trygt heim for ein 50-lapp i fylkeskommunal regi. No er ordninga permanent i Sogn og Fjordane med 8000 brukarar, og har spreidd seg vidare til 12 andre fylke.

Kommentarer