Framside / Nyhende / Nyhendearkiv / 2011 / Dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta

Dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta

Fylkestinget vedtok i sak 61/10 ny forskrift for dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane.

 

 

Prioritert klientell

Lov om tannhelsetenester pålegg den offentlege tannhelsetenesta å dekke reiseutgifter for prioritert klientell.

 

Dekking av skyssutgifter for pasientar i den offentlege tannhelsetenesta gjeld berre dersom pasienten ikkje får dekka reisa på annan måte.

 

Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane dekkjer skyssutgifter for prioritert klientell i gruppe A, B og C2 jf. lov om tannhelsetenesta. Ordninga inngår ikkje  i frikortordningar og alle søknader om skyssrefusjon skal handsamast av den offentlege tannhelsetenesta.

 

Det er den billegaste (buss, båt) reisemåten som vert dekka og det er eit krav at reiseavstanden må være meir enn 5km. Bil kan nyttast dersom helsetilstanden til pasienten eller rutetider for offentleg transport tilseier at dette er mest hensiktsmessig.

Pasienten/føresette må sjølv betale reisekostnadane og få refundert desse i etterkant av reisa.

Eigenandelen er pr. reise og er den same som til ei kvar tid gjeldande eigenandel i pasientreiser.

Barn under 16 år skal ikkje betale eigendel.

Beløp mindre enn 100 kroner, når eigendel er trekt frå, vert ikkje dekka.

Merk at bruk av bil/drosje skal avtalast, og godkjennast på førehand, dette gjer den enkelte tannklinikk/behandlar.

Overnatting vert ikkje dekka.

Ledsagar får berre refundert utgifter til reise.

Søknad om dekking av reiseutgifter må vere innsendt innan 6 mnd etter at reisa vart gjort.

Fylkesutvalet er klageinstans.

Satsane for eigendel og bruk av privat bil føl satsane i pasientreiser.

 

 

Pasient eller føresett må fylle ut skjema for krav om dekking av skyssutgifter. Originale kvitteringar skal leggast ved kravet. Tannklinikken må så attestere og sende kravet direkte til Løns og rekneskapstenesta, LOR, for skanning til økonomisystem og utbetaling. Skjemaet vil kome som ei faktura til godkjenning i økonomisystemet. Tannklinikken må sjå til at skjema er korrekt utfylt og at skjema for dekking av skyssutgifter er tydelig og lesbart før sending til LOR. Ufullstendig utfylt skjema vert returnert tannklinikken for handsaming.

 

Drosjer kan fakturere tannhelsetenesta direkte dersom ein pasient ikkje har økonomi til å betale heile rekninga. Tannklinikken må då i punkt 7 i Skjema for Krav om dekking av skyssutgifter krysse av for at Drosje fakturere tannhelsetenesta direkte. Ved slik direkte fakturering skal det tydeleg gå fram av faktura at eigendelen (kr 130 pr. veg) er trekt frå og kva pasient det gjeld. Skjema for krav om dekking av skyssutgifter med attestasjon frå tannklinikk skal vere vedlagt faktura. Faktura skal sendast direkte til Løns og rekneskapstenesta for vidare handsaming.

 

Adresse:

Løn og rekneskapstenesta, LOR

Fylkeshuset

Askedalen 2

6863 Leikanger

 

På nytt vil ein understreke at dette er ei ordning som tannhelsetenesta sjølve skal handsame og ingen skjema for prioriterte grupper skal sendast pasientreiser!

 

Pasientar i gruppe C1 skal få dekka sine utgifter av kommunen som har innvilga institusjonsplass, jf. rundskriv I -47-98, Om vederlag for opphald i institusjon, frå Helse og omsorgsdepartementet. Ordning tannhelsetenesta har praktisert for pasientar i gruppe C1, beskrevet i samarbeidsavtale med kommunar og informasjon til brukarar (tilbod om gratis tannbehandling) vart oppheva frå 1.1.2011. Nytt informasjonsskriv til brukarar og ny tekst i avtalar vert utarbeidd og sendt til kommunane.

 

 

Uprioritert klientell (betalande pasientar)

Krav som gjeld uprioritert klientell i gruppe F, og som har krav etter Folketrygdlova § 5-6, skal sendast pasientreiser.no.

Sogn og Fjordane fylkeskommune dekkjer ikkje skyssutgifter for andre enn pasientar i Gruppe A, B og C2.

 

 

Reglane er gjeldande frå 1.1.2011

 

 

 

Les informasjonsbrevet frå fylkeskommunen her:

Forskrifta finn de på LOVDATA sine sider:

http://www.lovdata.no/for/lf/ov/tv-20101215-1838-0.html#5

Kommentarer