Invitasjon til å søke om prosjektmidlar
Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av kr 1 million som kan nyttast til ei forbedring av reisetilbodet for ungdom til/frå fritidsaktivitetar.
Fykeskommunen har sendt ut skriv til alle kommunar og ungdomsråd med oppmoding om å utforme eit transportopplegg og søke for å få skyssopplegget i gang.
Mange kommunar søkte og fekk midlar i 2010. 8 kommunar søkte ikkje om midlar i 2010; Balestrand, Eid, Førde, Gloppen, Hornindal, Leikanger, Naustdal og Stryn. Nokre av kommunane har nytta overførte midlar frå 2010 til drift i 2011, andre kommunar har ikkje hatt noko tilbod i 2010. Fylkeskommunen oppmodar spesielt desse kommunane til å kome i gang med tiltak i 2011.
Mange løyvehavarar har kanskje idear og kunnskap om behov og korleis eit slikt transportopplegg kan leggast opp. TTS oppfordrar om å ta kontakt med kommunen og samarbeide om ein søknad. Ta kontakt med TTS dersom de ynskjer hjelp vidare.
Sogn og Fjordane fylkeskommune ber kommunane ta kontakt med dei som skal utføre transporten (drosjene og busselskapa), men desom løyvehavarane tek kontakt så kan næringa vere med å utforme og kome med gode innspel og lage eit transportopplegg som fungerar.
Søknader må sendast innan 2. mai 2011 til; Sogn og Fjordane fylkeskommune, Samferdsleavdelinga, Askedalen 2, 6863 Leikanger
Last ned skriv frå fylkeskommunen her:
Meir informasjon om lokale transporttilbod for ungdom i kommunane finn du her .
Slik var fordelinga av midlane i 2010:
| Kommune | Kr tilskot |
| Askvoll | 14 610 |
| Aurland | 20 000 |
| Bremanger | 70 000 |
| Fjaler | 80 000 |
| Fjaler - transport i samband med førestillinga til SFUNG | 30 000 |
| Flora | 30 000 |
| Flora - Nordalsfjorden grendalag | 21 600 |
| Fjellfilmfestivalen | 10 000 |
| Gaular | 20 000 |
| Gulen | 50 000 |
| Hyllestad | 45 000 |
| Høyanger | 70 000 |
| Jølster | 70 000 |
| Luster | 40 000 |
| Lærdal | 41 000 |
| Selje | 65 000 |
| Sogndal | 60 000 |
| Solund | 110 000 |
| Vik | 40 000 |
| Vågsøy | 56 500 |
| Årdal | 44 550 |

