Montering og godkjenning av MID taksameter - Au2tax
Vi ber Dykk lese nøye gjennom vedlagd informasjon. NT avd. SFJ og TTS planlegg møte med Justervesenet for å førebu montering og godkjenning av MID taksameter (Au2tax).
TTS har tinga 140 Au2Tax for levering mellom september og desember.
Dersom det er nokon som no skal skifte bil eller evt. taksameter i næraste framtid, bør kabelsettet til Au2Tax monterast saman med kabelsett til Au2pc. Ta kontakt med oss for å avtale evt. kjøp av kabelsett.
TTS og NT avd. SFJ har også hatt møte med montørane, Eivind Refvik, Oddvar Svalheim og Ingar Liheim, som vil setje opp ein monteringsplan. De vil få tilbod om monteringstidspunkt og stad. Dersom dette ikkje passar må vi ha tilbakemelding med det same pga. tidsnød (ingen montørar må stå utan arbeidsoppgåver i denne perioden). Den som ikkje tek i mot tilbod om montering, må sjølve avtale nytt monteringstidspunkt med nemnde montørar eller evt. andre som t.d. CenCom eller BKT. NB! Montørane må vere godkjende av CenCom og ha blomberingsutstyr godkjent av Justervesenet.

