TTS rullar OTT-bopel ut i fylket
Helse Førde og TTS heldt kurs på Sogndal Hotel.
Fleire kommunar er no kobla opp mot Suti via OTT-bopel. Erfaringane so langt er at ting fungerar godt.
I forrige veke hadde løyvehavarane i Luster og Sogndal opplæring på Sogndal Hotell i taksameter og rutinar rundt bestilling direkte til taksameteret frå Pasientreiser. Responsen blandt deltakarane var positiv, sjølv om det enno gjenstår ein del ting med systema som kan verte betre.
Imponerande mange løyvehavarar og sjåførar møtte opp. Under opplæringa var Helse Førde Pasientreiser representert ved Nils Helge Friborg og Frode Romarheim, og frå TTS møtte Geir Tøfte og Jan Rune Mardal.
Til no er Vågsøy, Eid, Gloppen, Luster og Sogndal kobla opp mot Suti mot OTT-bopel. Tilbakemeldingane frå dei som no er i full sving med å motta turar direkte på taksameteret gode. Helse Førde vil no prøve ut og ta med seg erfaringar frå desse kommunane før dei vel å "rulle ut fleire".
Frode Romarheim (Pasientreiser) viser Norunn Bondevik Schøyen (S-4) og Eva Vigdal (S-3) korleis køyrekontoret sitt dataverktøy ser ut når dei fordelar turar. Dei ser korleis turane skiftar status frå akseptert, starta og avslutta etterkvart som det vert køyrt demoturar på taksameteret.
Deltakarane vart delt opp i grupper. Gruppa til venstre får opplæring i OTT-bopel. Her kan ein sjå, planlegge og fordele turar som er sendt ut frå Køyrekontoret. Gruppa til høgre får opplæring i taksameter. Korleis akseptere og køyre ein Nissytur. Deltakarane virka lærevillege og ikkje minst positive til å gå over til ein ny kvardag, som etterkvart forhåpentlegvis skal bli enklare. Vi ser her Nils Helge Friborg ivrig forklarar om posisjonskøyring til mellom anna ein engasjert Anders Fardal.

