Trygt heim heile sommaren
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Held fram suksessen frå i fjor. Ungdomsordninga “Trygt heim for ein 50-lapp” gjeld gjennom heile sommaren.
– I fjor sommar nytta 640 ungdomar dette tilbodet, og difor køyrer me det i år også, seier samferdslekonsulent Eva Hamre i fylkeskommunen til Sogn Avis.
Det er snakk om ei prøveordning der skysstilbodet “Trygt heim for ein 50-lapp” held fram natt til søndag også i sommarhalvåret. Hamre opplyser at rutene vil gå som før, og rutetider og stoppestader finn du på nettsida ungtransport.no .
– Sommartilbodet startar natt til søndag 26. juni, og Trygt heim-ordninga som starta som ei prøveordning skuleåret 2002, tek med dette eitt steg vidare, seier ho.
”Trygt heim for ein 50-lapp” starta i Sogn og Fjordane, men har sidan spreidd seg til store deler av landet. I heile 2010 var det 7996 ungdomar som nytta seg av tilbodet her i fylket.
Tilbodet i sommar er eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Samferdsledepartementet, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

