Framside / Nyhende / Oppstart av ny rekvisisjonspraksis

Oppstart av ny rekvisisjonspraksis

Informasjon frå Pasientreiser Helse Førde

OPPSTART AV NY REKVISISJONSPRAKSIS MANDAG 3.MAI: ASKVOLL, FLORA, FØRDE, JØLSTER OG NAUSTDAL

For deg som transportør betyr dette:

Som kjent skal alle pasientreiser med drosje registrerast i Nissy i løpet av dei næraste månadane. På lik linje med interkommunale turar skal no og kommunale turar registrerast. Vi tek opp mindre grupper med kommunar kvar veke, slik at vi har høve til å følge opp og ta tak i det som måtte dukke opp.

. Alle turar skal vere bestilt frå pasientreiser. Gjeld òg for kommunale turar

. Når tur er bestilt frå pasientreiser skal den kvalitetssikrast og pasient skal kontaktast for å bekrefte turen. De må sjølv vurdere om de på faste oppdrag t.d. fysioterapi finn det naudsynt å ringe pasienten kvar gang.

. Dersom pasient tek kontakt med dykk om pasientreiser og de ikkje har fått bestilling frå oss skal de vise pasient til;

o Pasientreiser i dei tilfelle det ikkje er medisinsk behov (manglar rutegåande)

o Pasientreiser i dei tilfeller der pasient har papirrekvisisjon

o Behandlar i dei tilfelle det er medisinsk behov og pasient ikkje har rekvisisjon

. Pasientreiser stenger normalt kl 1700. Vi har vaktordning for våre transportørar. Bruk VIP nr 8

. Vi har laga ein liten informasjonsfalder for pasient. Denne kan de dele ut til Pasient etter ynskje og behov.

 

 

Vi har eit "Sørge for ansvar". Dette betyr at vi alle må sørge for at pasient ikkje vert skadelidande. Dersom noko går på tverke må de ta kontakt med oss slik at vi kan ta grep. Ved at det er god dialog mellom behandlar, transportør og Pasientreiser vil vi i fellesskap sørge for pasienten.

 

Vedlagt ligg kopi av brev som er sendt til behandlerar i kommunane

 

Er det systematiske og/eller alvorlege feil ta kontakt med oss

 

Med venleg helsing

Inge 415 30 508

Frode 415 30 494

Nils Helge 415 30 497

Kirstin 415 30 496

 

pasientreiser@helse-forde.no

www.pasientreiser.no

Kommentarer