Framside / Nyhende / Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?

Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?

Fylkeskommunen ønskjer å betre skysstilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar. Ungdomsråd og kommunar vert no inviterte til å utforme eigne skyssopplegg og søke fylkeskommunen om midlar for å få dette i gang.

   

Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?Fylkeskommunen ønskjer å betre skysstilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar. Ungdomsråd og kommunar vert no inviterte til å utforme eigne skyssopplegg og søke fylkeskommunen om midlar for å få dette i gang.

Det vanlege kollektivtilbodet er heller svakt på ettermiddagar og sein kveldstid. Det kanfølgjeleg vere vanskeleg for ungdom å nytte kollektivtilbod heim frå fritidsaktivitetar, og det er heller ikkje alltid så lett å komme seg til fritidsaktivitetane. Fylkeskommunen har difor sett av 1 million kroner til utforming av lokale transporttilbod for ungdom (LTU), som kjem i tillegg til ungdomstilbod som Trygt heim for ein 50 – lapp og Ungdomskortet.

Ein ser føre seg fleksible ettermiddags- og kveldsskyssar utført med maxi-taxi eller minibuss. Med fleksible skyssløysingar meiner vi at skyssen vert tinga på førehand, og det er oppslutnaden om tilbodet som er avgjerande for om ruta går. Skyssen treng ikkje gå etter nokon fast rutetrase.

Etablering av eigne prosjektgrupper

Kommunar eller ungdomsråd sender søknad om midlar til konkrete skysstilbod til og frå særskilte fritidsaktivitetar til fylkeskommunen, mellom anna med opplysningar om kva fritidstilbod det dreier seg om, strekning, tidspunkt og kostnad. Døme på fritidsaktivitetar kan vere ungdomsklubbar, kveldsopne skitrekk, konsertar og liknande. Dersom ein får midlar til prosjektet, skal det etablerast ei prosjektgruppe der representantarfor ungdomen er med. Prosjektgruppa har ansvar for å organisere skyssen, og skal sjå om det er mogeleg å få inn midlar også frå andre (t.d. kommunen eller frivillige organisasjonar). Vidare må gruppa bestemme kva brukarane skal betale for skyssen, og ta ansvar for at det igangsette skysstilbodet held seg innafor dei midlane ein har til rådvelde.

Søknader må sendast innan 15.mai 2010 til:

Sogn og Fjordane fylkeskommuneSamferdsleavdelingaAskedalen 26863 Leikanger

Meir informasjon om tilbodet og korleis ein søker
Les meir om LTU og dei andre transporttilboda for ungdom på www.ungtransport.no

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med:

Eva Hamre på telefon 57 65 62 68 og e-post eva.hamre@sfj.no
eller Bente Sønsthagen på telefon 57 65 61 53 og e-post bente.sonsthagen@sfj.no

Kommentarer