Streik ved sjukehusa
Streiken ved Førde sentralsjukehus frå 29. juni får også konsekvensar for Pasientreiser. Delar av arbeidsstokken er teken ut i streik. Transportørar kan oppleve dette ved at ventetida i telefonkøen er lengre enn normalt opplyser Trude Njøsen Helgås ved Pasientreiser Helse Førde.
Streiken ved Førde sentralsjukehus råkar f.o.m tysdag 29. juni personar som har time ved fleire av poliklinikkane.
Pasientreiser Helse Førde informerar i eige skriv av 29. juni 2010 dette:
"Det er ikkje semje i meklinga mellom Delta og Spekter og dermed er 32 tilsette ved Førde sentralsjukehus ute i streik frå tysdag morgon. Dette dreier seg om helsesekretærar, hjelpepleiarar, portørar, audiografar, sjukepleiarar og noko merkantilt personell.
Streiken får konsekvensar frå første stund, og for pasientar som har time ved medisinsk poliklinikk, radiologisk poliklinikk, poliklinikk for øyre/nase/hals og høyresentralen vil avtalane gå ut.
Pasientar som har timar ved desse poliklinikkane blir oppmoda om å ikkje reise til Førde sentralsjukehus så lenge streiken pågår, og dei vil få tilsendt ny innkalling i posten.
Dei aktuelle poliklinikkane vil kun ta seg av akutte hendingar.
Streiken får også konsekvensar for Pasientreiser. Delar av arbeidsstokken er teken ut i streik. De som transportørar kan oppleve dette ved at ventetida i telefonkøen er lengre enn normalt.
Vi oppmodar dåke til likevel å ha tolmod med oss, og bruke hurtigvalgtast 8, ved innringing til tlf 05515."

