Testing av Nissyturar
Frode Romarheim og Nils Helge Friborg frå Helse Førde Pasientreiser, Leif Arne Refvik (Måløy Taxisentral), Geir Tøfte (TTS) og Endre Råheim (Viksdalen). (Foto: Jan Rune Mardal)
Torsdag 15. april gjennomførte TTS, saman med representantar frå pilotkommunane Gaular og Vågsøy, testing av Nissyturar gjennom OTT-bopel og til taksameter.
Kommunikasjonen frå Nissy (køyrekontoret) via OTT-bopel til taksameter fungerte som det skulle, men det står att nokre utfordringar når det gjeld organisering av turar. Helse Førde kallar inn til ny test.
Pilotkommunane, Gaular og Vågsøy, vil vere oppe å går så snart dei gjensidige utfordringane er løyste. Det vil bli ein kort presentasjon av Helse Førde og TTS på NT sitt årsmøte laurdag 17. april.

