Ekstraskyss utan gyldig rekvisisjon/bestilling
Etter 1.august vil ikkje transportør få betalt for turar utan gyldig turID.
Etter 1. august vil ikkje transportør lenger få betalt for turar utan gyldig turID. Alle turar skal innmeldast til Pasientreiser i forkant av reisa, både kommunale og interkommunale turar.
Dette er viktig informasjon, skriv Pasientreiser i Nyheitsbrev av 18. juli. Pasientreiser har difor i ein lengre periode reist rundt for å informere om den nye rekvisisjonspraksisen. Er det framleis behandlarar og transportørar som ynskjer besøk og informasjon stiller Helse Førde gjerne opp.
Dersom pasient bestiller transport direkte med transportør, og ikkje har fått rekvisisjon/turID i forkant, måpasient legge ut for kostnaden sjølv. Dersom behandlar stadfestar at pasient har krav på ekstraskyss, må pasient kreve kostnaden refundert gjennom Pasientreiser i etterkant.